Blant tenestefolket
Aina Basso skapar eit kyndig tidsbilete med klangbotn i vår tid.

Aina Basso
Før det blir morgon
Samlaget 2025, 191 sider
Då femten år gamle Josefa skal få eit nytt søsken i tillegg til dei tre ho har frå før, er det ikkje lenger plass til henne heime, og ho, eldstejenta, blir send bort for å tene til føda hos framande, meir velhavande folk. Slik er opptakta til dei skakande hendingane Aina Basso, historikar og forfattar med bakgrunn i både sak- og skjønnlitterær skriving, brettar ut i den nye historiske ungdomsromanen sin, «Før det blir morgon». Denne gongen skal vi attende til 1733, og det er faredag, 14. april, då tenestefolk etter loven skulle forlate posten sin. På Li, garden som blir ramma om det nye tilværet hennar, strevar Josefa som taus saman med gamle, snille Olna, krumtappen i kvardagen, og ungjenta Sara, som ho både deler fjøsstellet med – og sengeplass i tenarstova. Til fellesskapet nedst på rangstigen på Li høyrer også drengane Ole og Karl, den første snart forelska i den nye tausa, medan den siste både av alder og lynne er meir lik Olna.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent