No må eg få lufta litt begeistring. I desse dagar er kanskje det på sin plass. Nok ein gong har eg sitte med klump i halsen framfor tv-en. Nok ein gong har NRK vist fram vanlege folk, ikkje kjendisar og kommerse influensarar, men folk som treff hjarta våre, folk med funksjonsvariasjonar. Grupper som Trump i USA gjer narr av og kuttar støtta til. Her blir dei i beste sendetid løfta fram og sett pris på. «Demenskoret», «A-laget» og no sist «Team Pølsa». Takk og pris! Program som framelskar lagarbeid, mangfald, likeverd og inkludering, litt av alt det «woke» som Trump har gått til krig mot.