Du kan bla til neste sideBla med piltastene
DebattAp

Det er tid for omstilling og EU-medlemskap no, Ap

Fredag 14. februar presenterte Klassekampen førti Ap-politikarar sine syn på kva som bør vere det viktigaste prosjektet for partiet framover. Sjokkerande få våger å løfte det som openbert trengst no: ei storstilt satsing på samfunnstryggleik og omstilling, og norsk EU-medlemskap.

Med autoritære oligarkar i fullt frislepp i Det kvite hus og ein aggressiv russisk bjørn som nærmaste nabo er den tryggingspolitiske situasjonen for Norge akutt. Frykt breier seg blant mange av oss «vanlege folk»: Kva vil det neste året bringe?

Dei siste vekene har vist kor svekka Nato no er. Eit uføreseieleg USA truar på den eine sida allierte med å ta over landområdene deira og driv på den andre sida «fredssamtalar» med Putin over hovudet på europeiske land – inkludert Ukraina. Folkeretten ligg før døden, om den ikkje allereie er gravlagd. Noreg må erkjenne at vi ikkje lenger kan stå åleine. Vi må melde oss inn i EU for å sikre vår framtidige tryggleik og stabilitet. Europa må styrke sitt eige militære forsvar.

Kvifor vågar ikkje «styringspartiet» å løfte denne debatten? At den gamle nei-prinsen Trond Giske framleis står på gamle dogme, er ikkje overraskande, men at nestleiar Jan Christian Vestre ikkje vågar å ta standpunkt i EU-saka, og kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun slepp unna med eit «det er eit vanskeleg spørsmål»? Utanriksminister Espen Barth Eide er open om sitt personlege syn på EU, men seier at «vi har ikkje programfesta å søkje opptak, nett no. Jobben min er å vareta dei avtalane vi har, først og fremst EØS-avtalen».

Vel. Jonas: Din jobb er å leia landet. Når verda har endra seg så grunnleggande på kort tid, må du våge å vise veg. Og du veit godt at den vegen går inn i EU.

«Jonas: Din jobb er å leia landet. Du må våge å vise veg. Og du veit godt at den vegen går inn i EU»

Statsministeren og hans nye finansminister veit også godt at ein ansvarleg politikar ikkje lenger kan behandle norsk næringsliv som om klimakrisa ikkje finst, og late som om oljealderen kan vare evig. Omstillinga er ikkje lenger eit val; den er tvingande naudsynt. Medan resten av kontinentet stadig kjem nærare fornybarsamfunnet, held Noreg stø kurs mot å bli ein akterutseglt økonomi utan innovasjon – Europas forlatne bensin­stasjon.

«Vi forstod tida vi levde i, og ga svar folket trodde på», sa Trygve Bratteli om kvifor Ap kunne ha stort fleirtal år etter år. Om Ap skal vinne val og styre landet i riktig retning, må de våge å oppdatere dykk, og vise tydeleg veg til det nye Norge som skal byggast. Det grøne og solidariske Norge. Der det ikkje er slik at alle har sin eigen Tesla, men der bussen går, og alle er med.

Klimakrisa ikkje kan løysast med fine ord åleine. Naturen vår toler ikkje fleire år med rovdrift, og sosial ulikskap kan ikkje reduserast med system som aukar skilnadene og fokuserer meir på mistanke enn på hjelp. Det vi treng, er systemendringar og modige grep som set oss på ei ny kurs. Vi treng ein bolig- og sosialpolitikk som fungerer, som sikrar folk ein trygg bustad og mat på bordet. Og vi treng arbeidsplassar som ikkje bidreg til å øydelegge kloden. Vi treng politikarar som verkeleg vil forstå den alvorlege tida vi lever i og prioriterer det viktige.

Omstilling. Internasjonalt samarbeid. Tryggleik for alle som jobb nummer éin.

Så lenge regjeringa står med hovudet i sanden og Ap driv med tåkeprat, vil apatien og frykta få fritt spele­rom. Då vil Frp kunne le heile vegen til vallokalet med sine Trumpske bodskap om framandfrykt, egoisme og «drill baby drill». Og Norge vil bli stadig meir sårbart.