Blues for Thomas F
Ei varsam, respektfull og minimalistisk tilnærming til Kjell Askildsens noveller.

Thomas F’s siste nedtegnelser til almenheten
Vinterlysfestivalen, Mo i Rana
Av: Kjell Askildsen
Dramatisering, regi og framføring: Trond Lie
Forfattaren Kjell Askildsen (1929–2021) var ein særs kresen minimalist der ikkje eitt ord var overflødig. Særleg gjennom novellene sine vann han seg eit ry som «forfattaranes forfattar». Sjølv om han har omsett ein del drama, er det nok ikkje utan grunn at ingen av tekstane hans er blitt dramatisert. Til nå. Det er eit litterært stoff ein tek i med ærefrykt. Men nå har regissøren og skodespelaren Trond Lie laga ei særs varsam dramatisering av «Thomas F’s siste nedtegnelser til almenheten», og urpremieren var på Vinterlysfestivalen i Mo i Rana for eit lydhøyrt og svært begeistra publikum.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent