Dagen etter at krangelen om energipolitikken og straumprisar sprengde Ap/Sp-regjeringa, la Arbeidarpartiet på bordet forslaget sitt til ny straumstøtte i form av fastpris på 40 øre/kWt. Det er rett at dette vil gje ein meir føreseieleg elpris, men sett i eit klima- og energispare-perspektiv er fastpris det aller dårlegaste av alle alternative former for straumstøtte. Det endrar heller ikkje på problemet med dagens støtteordning, at den vil vere mest tenleg for straumkundar med høgt forbruk og god råd.
Fastpris på straum: Den verste av alle løysingar
DebattStraum