Drontheim
Trøndelag Teater, Hovudscena
Av: Elisabeth Matheson
Regi: Catrine Telle
Scenografi: Even Børsum
Med: Madeleine Brandtzæg Nilsen, Mira Dyrnes Askelund, Hildegunn Eggen, Tor Ivar Hagen, Hans Petter Nilsen, Ingrid Bergstrøm, Synnøve Fossum Eriksen, Thomas Jensen Takyi, Arturo Scotti og Patrick Hilmar Ingvaldsen
Det er skrive eit utal verk og laga ei mengd filmar om krigen i Norge, men stort sett er det heltehistorier om menn. Framleis er det stille om alle dei kvinnene som med fare for eige liv var kurerar, telegrafistar og anna som kanskje ikkje var like spektakulært som sabotasjehandlingane, men som var avgjerande for alliert etterretning og krigens gang og utfall.