Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Teater

Høgpuls-Holberg

«Den stundesløse» er ei gneistrande hyllest til Holberg-tradisjonen i Bergen.

STRESSA: Oppfatninga om at travle folk ofte også er driftige og velorganiserte, gjeld ikkje stakkars herr Vielgeschrey (Eirik del Barco Soleglad). Foto: Thor Brødreskift

Den stundesløse

Den Nationale Scene, Bergen

Av: Ludvig Holberg

Regi: Kim Bjarke

Scenografi og kostymedesign: Katja Ebbel

Med: Kjersti Elvik, Eirik del Barco Soleglad, Katrine Dale m.fl.

Det seiest at skal du ha noko gjort, spør den travlaste personen du kjenner.

Denne oppfatninga om at travle folk ofte også er driftige og velorganiserte, gjeld ikkje stakkars herr Vielgeschrey frå Holberg-komedien «Den stundesløse». Vielgeschrey har eit stressnivå som ville fått sjølv den mest robuste pulsklokke til å smelte på handleddet.

Noko av det mest stressande ein gjer som menneske, er visstnok å pusse opp og å flytte. Ironisk nok er det nettopp ein slik prosess Den Nationale Scene er i ferd med å kasta seg ut i, når dei no stenger huset i 16 månader for å ruste opp lokala sine. Såleis er det treffande nok at det er «Den stundesløse» av sjølvaste Ludvig Holberg som takkar av på Store scene før den store ombygginga.

Kim Bjarke har regissert Holberg før, med «Den stundesløse» for Nationaltheatret i 1999, «Jeppe på Bjerget» for same hus i 2003 og dessutan «Mascarade» for Den Nationale Scene i 2009.

Bjarke legg opp til å spele «Den stundesløse» på bergensdialekt med Kjersti Elvik som Pernille og Eirik del Barco Soleglad som Herr Vielgeschrey. Dette valet er godt, for å snyte bergensarane for Holberg på bergensdialekt på heimebane – det gjer ein berre ikkje. Franskmennene har sin Molière, og danskane og bergensarane slåst om å eige sin Holberg.

Framsyninga sparar ikkje på verken kostymeskift eller antal skodespelarar. Det er såleis ei Store scene-framsyning i den rette forstand av ordet me ser denne laurdagskvelden.

«Danskane og bergensarane slåst om å eige Holberg»

Kostyma til Katja Ebbel er leikne, med tidsriktige drakter frå Holberg si tid blanda med cowboyboots og sukkertøyfarga hår med ein ferniss av 80-tal. Den blå scenografien med dører og trapper over to plan innbyr til forvekslingskomedie og vert godt nytta i spelet og forflyttingane. Kanskje er scenografien til Ebbel eit lite nikk til Holbergs fascinasjon for commedia dell’arte, med sine Harlequin-rutete golv og sceneteppe.

Som i commedia-tradisjonen har også Holberg tatt utgangspunkt i eit forelska par som ikkje får kvarandre fordi sure gamle menn står i vegen for den frie kjærleiken. Stykka til Holberg, som igjen er inspirert av den franske komedieforfattaren Molière, er ofte bygd over eit fastlagt forlaup og inneheld typar meir enn samansette karakterar.

Hovudpersonane frå dei mange komediane hans har dessutan ofte ei lyte, noko «Den stundesløse» er eit døme på. Herr Vielgeschrey klagar og kavar over at han ikkje finn tid til alt han må gjere, utan at han utrettar noko som helst. Rundt seg har han den driftige Pernille, som kjenner sin herre ut og inn og betre enn han sjølv.

Eg opplever at Kjersti Elvik og Eirik del Barco Soleglad gjer sin Holberg med stor andakt og respekt for Holberg-tradisjonen i Bergen. Dette kjem til uttrykk gjennom ein nesten karikert og utstudert spelestil som kunne ha verka avleggs, hadde det ikkje vore for at dei balanserte det ut med gneistrande samspel. Det er ein kunst i seg sjølv å meistre dette medan replikkane fyk mellom veggane.

Utan å støyte Holberg-kjennarane vil eg meine at i dag, 300 år etter urpremieren, er det arkaiske språket til Holberg i seg sjølv komisk og framandgjerande på ein måte som innbyr til latter. Det er såleis ikkje kva som vert sagt, men korleis det seiest som er det avgjerande her.

Oppsettinga prega av gjensidig tillit og tilsynelatande laus snipp. Då Eirik del Barco Soleglad på premieren mistar teipen på myggen og får hjelp av den handlekraftige Kjersti Elvik som Pernille til å feste den på igjen, ser vi nettopp dette i praksis. Resten av ensemblet hamnar litt i skuggen, og det er ikkje alltid at scenene med mange involverte svingar slik ein gjerne skulle ynskje, men dette kan sjølvsagt kome på plass utover i speleperioden.

På engelsk snakkar ein om «attention-span», og at denne er svinnande hjå menneskeslekta. Det vert brått enkelt å kjenne seg igjen i den evig flakkande og overarbeidde Vielgeschrey. Gid vi alle hadde ei Pernille i livet!