Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Dobbeltbiografien om Joan Didion og Eve Babitz handlar ikkje om litteratur, men satsar alt på å dele dei to inn i motstridande kvinnekategoriar.

Kvit svane, svart svane

Heimtrakter: Joan Didion fotografert i Los Angeles 2. august 1970. Foto: Kathleen Ballard, Los Angeles Times/Wikimedia Commons
Biografi

Lili Anolik

Didion and Babitz

SD Books 2024, 352 sider

På 2010-talet via den amerikanske journalisten Lili Anolik mykje tid til å leite opp, innynde seg hos, intervjue og til slutt relansere den gløymde forfattaren Eve Babitz; vi som elskar det babitzske viddet må for alltid vere takknemlege for det. Ho skreiv ein underhaldande biografi om forfattaren i 2019, og kom allereie då med eit blodtørstig glefs mot den samtidige og meir kjende Joan Didion. No har ho skrive ein ny biografi om Babitz med utgangspunkt i eit usendt, forrykande og infamt brev adressert til Didion, funne i arkivet etter førstnemnde. I «Didion and Babitz» – skriven i same uendeleg pratsame stil som førre bok – let ho Didion, med all sin kred, fungere som ein slags trojansk hest for å få folk til å lese om Babitz. Trikset har fungert – i motsetning til 2019-biografien har denne boka fått gjennomslag og omtale i så vel New York som Noreg.