Det har lenge vore kjent og kritisert at filmindustrien helst ikkje vil sjå «eldre» kvinner, altså over 37 år, framfor kamera. Eit faktum som har ført til at skodespelarar som Renée Zellweger, Demi Moore og Nicole Kidman har gjennomført meir og mindre identitetsendrande plastikkirurgi for å forlenga karrieren. Ironisk nok har det gjeve dei eit vel så stort «løft» å spela i filmane til kvinnelege regissørar som har tematisert inngrepa som både skrekkelege og nedrige, jamfør Coralie Fargeats Oscarnominerte «The Substance» og Halina Reijns Venezia-vinnar «Babygirl».
Legitim interesse