Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Med premieren på «Peter Pan – Stargate to Neverland har Nye Hjorten Teater i Trondheim fått ein pangstart som lovar godt for framtida.

Eit fyrverkeri av ei framsyning

FLYR HØGT: Peter Pan (Sverre Breivik) og resten av ensemblet er med på å gi «Nye Hjorten Teater» ein formidabel flying start. FOTO: REITAN RETAIL/ANTERO HEIN

Peter Pan – Stargate to Neverland

Nye Hjorten Teater  

Av: Mads Bones, Olve Løseth og Kyrre Havdal fritt etter J.M. Barrie   

Musikk: Stargate og Kyrre Havdal

Regi: Mads Bones 

Scenografi: Gjermund Andresen 

Kostyme: Christina Lovery  

Koreografi: Josephine Gracia

Med: Sverre Breivik, Ida Waldine Solstad, Benedicte Søreng, Emil Olafsson, Olve Løseth, Mathias Luppichini, Julie Dahle Aagård mfl.

Hjorten Revy- og Varietéteater i Trondheim var i åra 1867 til 1947 ein kulturinstitusjon som sette spor etter seg, og ei mengd av revyvisene til husdiktaren Alv Schieflo er framleis del av vår felles songskatt. Teateret blei diverre rive i 1961, men har nå fått ein verdig arvtakar.