Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Make The United Nations Great Again

Krigen på Gazastripa, der fleire veto frå USA har sett FN på sidelinja, har no kanskje fått seks vekers pusterom. (Kanskje, av di Netanyahu ikkje er nøgd.) Massive våpenleveransar til Israel frå USA og andre europeiske land har gjort det mogleg for Israel i over eit år å smadra storparten av bygningar og sivil infrastruktur på Gaza-stripa, drepe minst 46.000 menneske, skadd fysisk og mentalt eit fleire gonger større tal og etterlete området i desperat naud. Dess lenger dette varer, dess lengre ned søkk desse statane i ei hengemyr av medskuld.