Det er mange ord i år. Og eitt av dei, berre eitt, er kåra til årets ord: Beredskapsvenn. Det er ikkje noko gale med det ordet, i og for seg. Det er eit vennleg ord, i og med at det sluttar på venn. Det er også eit religiøst ord, nesten skremmande, som i Matteus kapittel 24, vers 42. Vær beredt! sa den bokmålstalande Matteus. Det var slik dei tala i Jødeland den gongen. Vak! sa han på nynorsk, meir stutthoggen og konsis. Ver budd! sa Lukas, nokre sider lenger bak i Bibelen, slik Alexander Seippel tolka skrifta etter 1905.
Vernebudde vener
I dag