Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Raudt nytt år til alle gode krefter!

Svein Lund (tidlegare Raudt-veljar) har i to innlegg i Klassekampen (9. desember og 20. desember) hevda at partiet Raudt no er daudt. I mitt svarinnlegg i Klassekampen 17. desember bad eg Svein Lund sitere og grunngje kva han konkret var usamd i i det samrøystes vedtaket om maktstrategi i det siste landsstyremøtet i Raudt. I sitt siste innlegg unngår han framleis å svare på dette. I staden kjem han med nye misvisande påstandar om at Raudt vil inn i ei regjering basert på EØS-avtalen, Nato-medlemskap, auka oljeutvinning, vindkraftutbygging og anna rasering av naturen og primærnæringane.