Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Maktkampen i Arbeidarpartiet – gåva som held fram å gle norske journalistar.

Partyet

Non, je ne regrette rien: Jørgen Gilbrant (liggjande) og Steinar Suvatne (med boka i handa) sette dagsorden med «Partiet». Foto: Anniken C. Mohr

Lenge såg det ut til at dagbladjournalistene Steinar Suvatne og Jørgen Gilbrant (S&G) skulle leva opp til karakteristikken av avisa si, utskjelt og utsolgt. Boka deira «Partiet – en innsideberetning om Arbeiderpartiets fall» kom ut i september og vart straks omstridd på det viset som tar all merksemd i ei sjølvopptatt politisk presse.