Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Produsenten av «Veiviseren», «Max Manus» og «Børning» jubilerar.

Filmentreprenør

Foto: Av Thor Brødreskift, Nordiske Mediedager

Når John Martin Jacobsen i dag rundar 80 år, er det som Noregs mest profilerte enno aktive filmprodusent. Jacobsen har i løpet av ein drygt 40-årig karriere produsert like mange filmar i tillegg til eit 70-tals tv-episodar. Volumet er i seg sjølv eineståande i ny, norsk filmhistorie. I tillegg har mange av filmane og seriane vore uvanleg populære blant publikum med «Max Manus» (2008) som eit høgdepunkt med 1,2 millionar billettar på norsk kino. Jacobsens første produksjonfor kino «Prima Veras saga om Olav den heilage» (1983), bar ikkje straks bod om suksessen som skulle følgja. Filmen fekk terningkast 1 i VG, men same avis gav på motståande side terningkast 6 til filmens premierefest! Anekdoten fortel noko om Jacobsens skarpe, unorske teft for marknadsføring. Debutproduksjonen fortel i tillegg noko om hans vilje til å satsa på filmsjangrar som har brote ny grunn i norsk film. Prima Vera-sagaen var inspirert av dei som den gongen var internasjonalt, tonesetjande komikarar, Monty Python. Jacobsen hadde tidlegare fått importert Python-filmane «Jakten på den heilage gral» (1975) og «Profeten Brians liv og historie» (1979). «Profeten Brian» er særleg kjent her til lands for å vera den siste filmen som vart stoppa av blasfemiparagrafen og som med rabalderet som følgde, sprengde kinolova av 1913.