Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Et signal om menneskeverd

Tysdag 3. desember skal Stortinget ta stilling til forslag til ny abortlov. Senterpartiet sine statsrådar tok dissens på delar av lovforslaget då regjeringa la fram saka i haust. Vi kunne ikkje gi vår tilslutning til lovforslagets § 3 om utviding av retten til sjølvbestemt abort frå 12. til 18. svangerskapsveke. Dagens regel om 12 veker er utslag av ein brei konsensus over tid, og i tråd med Senterpartiets landsmøtevedtak om å vidareføre dagens abortlov. Vi støttar heller ikkje lovforslagets § 4 om at retten til fosterantallsreduksjon blir likestilt med retten til abort.