Du kan bla til neste sideBla med piltastene

«Glade dager» hadde fortent ei langt friare tolking enn det regissøren har fått lov til.

Drama utan spelerom

TOSEMD: Winnie (Marianne Nielsen) held praten i gong, medan mannen hennar (Gerald Pettersen) er nærast som ein kulisse. Foto: Sebastian Dalseide

Glade dager

Den Nationale ­Scene, Lille scene

Av: Samuel Beckett

Omsett av: Øyvind Berg

Regi: Ida Høy

Med: Marianne Nielsen og Gerald Pettersen

I «Glade dager» av Samuel Beckett (1906–1989), som nå blir spela på Den Nationale Scenes Lille scene, er alt sett på spissen. Det er eit drama som ytre sett er ganske surrealistisk, men som eigentleg handlar om kvardagen til kvar einskild av oss.