Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kva er konsekvensane av liberalisering?

SVENSKE TILSTANDAR? All erfaring i dei nordiske landa syner at grensa for sjølvbestemt abort trygt kan flyttast frå 12. til 18. ­svangerskapsveke, skriv forfattarane. Her ein protest mot den svenske abortloven anno 1974. Foto: Gunnar Lundmark, NTB/TT

Stortinget skal 3. desember ta stilling til ny abortlov, om kvinner skal få utvida retten til selvbestemt abort frå 12. til 18. svangerskapsuke. Frå fleire hold har det blitt hevda at ei utviding av abortgrensa frå 12. til 18. svangerskapsveke vil gi ein auke i aborttala, spesielt svangerskapsavbrot i andre trimester. Dei same påstandane vart sterkare hevda i abortdebatten på 1970-talet. Disse påstandane har ikkje støtte i forskingslitteraturen, og vi kan ikkje finne ein einaste norsk, nordisk, eller annan internasjonal studie som viser at aborttala aukar etter liberalisering av lovverket.