Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Ei teksttru og lågmælt framsyning som reiser langt fleire spørsmål enn svar.

Den skjøre lina

AVSTAND: Ho forsøker, men det er vanskeleg for Den andre (Ingrid Unnur Giæver) å kome innpå og forstå Den eine (Kim Fairchild). FOTO: GRETHE NYGAARD

Eg er vinden

Rogaland Teater, Intimscena

Av: Jon Fosse

Regi: Victoria Meirik

Scenografi og ­kostyme: Anette ­Werenskiold

Med: Kim Fairchild og Ingrid Unnur Giæver

Dei fleste har tenkt tanken. Du står der på ein perrong når toget kjem, eller du går over ei bru, og tenkjer: Kva om eg hoppar? Men du gjer det ikkje. Kva er det som får nokre til likevel å krysse denne skjøre lina og gjere slutt på livet?