Du kan bla til neste sideBla med piltastene

«Kristiania magiske tivolitheater» er ein gedigen hyllest til scenekunstens evne til å skape glede, undring og rein magi.

Magisk er ordet!

MAGI: Luka (Falk Nigar Aarskog Johannessen) kan trylle, og den eigentlege tryllekunstnaren Napoleon (Mats Holm) let seg imponere, før han forstår at han er utkonkurrert. FOTO: KNUT ÅSERUD

Kristiania ­magiske tivolitheater

Hålogaland Teater, Scene Vest  

Idé: Atle Knutsen 

Av: Kjetil Indregard og Mads Løken   

Dramatisering og regi: Hilde Brinchmann 

Barneregissør: Katrine Strøm   

Musikk: Sindre Hotvedt og Sebastian Zalo 

Scenografi: Signe Gerda Langfald  

Med: Ellen Andreassen, Julia Bache-Wiig, Mats Holm m. fl., samt 35 aktørar frå Lille HT.

NRK sin førjulsserie «Kristiania magiske tivolitheater» tok sjåarane med storm for tre år sia. I fjor sette serieskaparane opp ein to timars versjon på Oslo Nye Teater. Nå har Hålogaland Teater fått Hilde Brinchmann til å dramatisere historia på ny og sette henne i scene.