Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Går det bra?

Ein solrik novemberdag gjekk eg langs lønnetrea på Blindern på veg til ei forelesing da eg blei ivrig og høglydt peikt på av tre kule gutar i slutten av vidaregåandealder. For å få situasjonen under kontroll, nærma eg meg dei, og håpa med det at dei ville peike litt meir varsamt. «Du er han fra den serien!» ropte dei til meg. Eg nikka. Det var meg. «Han homofile!» Eg nikka igjen. Skjønte kven dei siktet til. «Men DU er ikke homofil?»