Du kan bla til neste sideBla med piltastene

«Ljósbrot» ville stått seg enno betre som kortfilm.

Nær på ung sorg

Trekantdrama: Klara (Katla Njálsdóttir) og Una (Elín Hall) har begge vore kjærastar med Diddi. Foto: Arthaus

Ljósbrot

(Island, 2024) Manus og regi: Rúnar Rúnarsson Drama/ 1 t. 22 min./ Kino

Rúnar Rúnarsson er ein av dei mest særmerkte filmskaparane i Norden. Sidan tusenårsskiftet har islendingen granska pubertetslivet gjennom ei rad (vekslande korte og lange) forteljingar, som alle utvidar og nyanserer nærskylde oppveksttema med drama og absurd komikk.