Du kan bla til neste sideBla med piltastene

James Rebanks vil skrive eit bibliotek av bøker om vanlege folk. I årets bok har han tatt inn hos ein ærfuglvaktar på Vega gjennom ein heil vår.

Ein heim på havet

Ærverdig: Ærfuglhann ved eit ærfuglhus på Vega i Nordland. Foto: Arne Nævra/SCANPIX

Då eg set meg på flyet for å reise ned og intervjue den britiske sauebonden James Rebanks heime på garden hans, er det noko som ikkje stemmer. Dei siste dagane har eg vore fullt og heilt oppslukt av den nye boka hans, som handlar om ei kvinne som steller med ærfuglar på eit av dei ytste fugleværa i det ærefryktinngytande landskapet rundt øya Vega i Nordland. Og her sit eg då, i ei støyande flygemaskin på Gardermoen med folk i business attire på ei side og fotballdrakter på andre, på veg i stikk motsett retning, sørover mot industrialismens historiske høgborg Manchester. Frå der skal eg toge nordover til the lake and its poets – til Lake District, der Rebanks har sitt arbeid og sine dagar i dalstroket Matterdale, mellom småbyane Penrith og Keswick. Eg tek inn på hotell i Keswick ein sein kveld, eit par steinkast frå der poeten Samuel Taylor Coleridge budde i si tid, og tidleg morgonen etter kjem Rebanks køyrande for å skysse meg heim til seg. Då har han allereie vore ute på markene i nokre timar, medan eg har stappa i meg blodpølse, skyfla i meg eggerøre og slukt ein tallerken full av engelske frukostspesialitetar bønder som han produserer. More sausage, sir?