Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Portrettet av den unge Donald Trump får fram detaljar, men det store bildet er vagt.

Først tar vi Manhattan

Vi eig denne byen! Den politiske «fiksaren» Roy Cohn (Jeremy Strong) saman med sin klient og læregut Donald Trump (Sebastian Stan) i New York på 1970-talet. Foto: Nordisk Film Distribusjon

The Apprentice

(USA, 2024) Regi: Ali Abbasi Manus: Gabriel Sherman Biografisk drama/ 2t. 2min.

Om nokon går til åtak på meg, går eg til motåtak – hundre gongar sterkare. Donald Trump har vidareført denne leveregelen frå forretningslivet til politikken etter at mottoet først vart skriftfest i businessbiografien «The Art of the Deal» (1987), boka som gjorde Trump til si eiga merkevare.