Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Herbert Kickl og ytre høgre-partiet FPÖ vann valet i Austerrike gjennom å satse på full konfrontasjon.

Kickl-koden

Vinnar: Herbert Kickl, lederen for FPÖ, på valgnatta 29. september. Partiet vart størst, men ingen av dei andre partia i Austerrike vil samarbeide. Foto: Andreea Alexandru, AP/NTB

Alle som har vore i eit stort familieselskap kjenner typen. Den litt for fulle onkelen som opererer utanfor grensene for folkeskikken, og som gjer at ein blir litt flau over det felles opphavet. I den europeiske høgrepopulist-familien er det austerrikske partiet Freiheitliche Partei Österreichs (FPÖ) denne underlege onkelen. Partiet starta som eit samlingspunkt for gamle nazistar, er svært ope for russisk påverknad og har ei partihistorie som er full av skandalar.