A Fidai Film
(Palestina, Tyskland m.fl., 2024)
Regi og manus: Kamal Aljafari
Kunstdokumentar, 1t. 18min.
Mirage filmfestival, Vega Scene Oslo 12. og 13. oktober
For ein palestinar er filmen eit land, har videokunstnaren Kamal Aljafari sagt. Kva han meiner, blir klårt for den som ser Aljafaris nyaste verk «A Fidai Film» (2024). Gjennom arkivopptak av ymse slag – frå Palestina og Libanon i tiåra mellom 1940-talet og 1980-talet – rekonstruerer filmskaparen forsøksvis det arabiske samfunnet frå før 1948 og lagnaden til palestinarane som vart og har vorte fordrive der frå i fleire omgangar.