Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Svar til Byrkjeland

Gro Byrkjeland skriv i Klassekampen 4. oktober at eg leverer eit «bevisst absurd» argument når eg meiner at sosialistiske tilhengarar av å væpne Ukraina bør vere for å sende luftvern til Libanon. Det er urimeleg; eit absurd argument må motseie seg sjølv. Det eg peiker på er at Raudt si offisielle line i væpningspolitikken er absurd i praksis. Ho baserer seg på «konsekvent antiimperialisme». Det næraste ein har vi har ei utgreiing av dette standpunktet er Bjørnar Moxnes sin kronikk frå 2023, ved namnet «En konsekvent antiimperialisme». Der handsamar han ikkje våpenspørsmålet direkte, men skriv mellom anna: