Du kan bla til neste sideBla med piltastene

For mykje forstyrrar når Torild Wardenær vil syne fram utrydningstruga artar.

Verken fugl eller fisk

RAUDLISTA: Torild Wardenærs diktsamling «Eks jordisk» handlar om det forsvinnande artsmangfaldet. Fuglane her er henta frå Lionel W. Rotschilds verk om utrydda fuglar frå 1907. FOTO: WIKIMEDIA COMMONS

For nokre helgar sidan overnatta sonen min og eg i Kristiansand dyrepark, der han skulle spele fotballcup. I bagen med leggskinn og drikkeflasker hadde eg også pakka ei bok: ei diktsamling vigd til raudlista flora og fauna. Kvar kveld eg kom inn igjen i safaricamp-teltet, etter lange dagar med juniorspelarar og andre ville dyr, stira eit stort, gult snøugleauge mot meg frå omslaget.