Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Maggie Smith (1934–2024).

Suveren som aristokrat, tante og heks

Frå Desdemona til Minerva McSnurp: Den britiske skodespelaren Maggie Smith spela det meste og vann det som er å vinna av prisar for sine scene-, film- og tv-roller. Her frå 2015. Smith døydde fredag, 89 år gammal. Foto: Kirsty Wigglesworth, AP/NTB

Med Maggie Smiths død er snart den britiske skodespelargenerasjonen frå 1930-talet borte. Det er ikkje oppsiktsvekkjande i seg sjølv, Smith ville ha runda 90 år 28. desember, men det markerer eit skifte. Smith er blant dei mange unge, talentfulle teaterskodespelarane frå 1950-talet som kom inn i filmbransjen i løpet av Hollywoods gullalder, like før tv vart allemannseige.