Føkkings Finnmark
Ein lettbeint og likande satire om å orientera seg i identitetspolitiske minefelt.

Biru Unjárga – Føkkings Nesseby
(Sápmi/ Noreg, 2024) Manus og regi: Egil Pedersen Drama / 1 t. 18 min./ Kino
I 2021 vekte Egil Pedersen oppsikt med «Koftepolitiet». Den satiriske kortfilmen tok tak i eit sårt tema, nemleg om det finst berre ein måte å vera same på – ikkje berre i det norske, men også i det samiske samfunnet. Med debutlangfilmen «Biru Unjárga – Føkkings Nesseby» utvidar han identitetsproblematikken i ei oppvekstforteljing han «skulle ønska han sjølv hadde sett» som ung, slik Pedersen nyleg sa til The Guardian.
«Biru Unjárga» handlar om snart 16-årige Elvira (Sarah Olaussen Eira) som – motviljug – oppdagar sin samiske identitet. Prosessen er svært annleis enn den politiseringa Ella Marie Hætta Isaksens hovudrolle går gjennom i 1980-talsdramaet «La elva leve».
På kjent tenåringsvis lengtar Elvira vekk frå den «treige og keisame» heimbygda Unjárga/ Nesseby. Kjensla av å stå aleine mot alle blir ekstra sterk når mora Beate (Ingá Elisá Påve Idivuoma) uventa flyttar saman med ei anna kvinne. På skolen er nemleg Elvira ikkje tatt inn i klikk-varmen til instagram-påverkaren Margrethe (Sara Sofia Mienna), som dominerer klassemiljøet. Skolens sjølverklært «woke» rektor (Sverre Porsanger) elskar Margrethes kjendisstatus like høgt som hennar støtte til mangfaldstoleranse og promovering av «arktisk tankegods» – sponsa av klesmerket Danish Darling. «Søringane elskar det», som rektor seier.
Elvira trøystar seg med Beate si forteljing om at dottera stammar frå ein dansk fertilitetsklinikk, noko jenta meiner gjev henne «50 prosent sjanse i livet». Men Elviras fantasiar om å vera unik, og at faren kan vera filmstjerna Nikolaj Coster-Waldau, blir brutalt avslørt som nettopp romantiske svermeriar.
Konfliktane byggjer på velkjende skolefilmklisjear og Pedersens sarkasme råkar majoritetsungdom like mykje som unge samar. Er ikkje heile gen-zlike påverka av engelskspråkleg digitalkultur, kanskje?
Filmen er på langt nær ein konfrontasjon med samepolitiske aktivistar og slagord som ČSV (Vis samisk ånd), men bruker forviklingskomedien til å problematisera kor grensene går mellom identitetspolitikk, kommersiell merkevarebygging og oppdaging av realitetar. Også den empatisk framstilte Elvira får møta si nærsynte sjølvrettvise i døra.
Å laga historier til sitt yngre eg kan vera risikabelt. Velkjende pubertetsproblem skiftar form og uttrykk frå generasjon til generasjon, og det har skjedd mykje i samisk kultur berre sidan Pedersen var barn. «Biru Unjárga» kunne ha falle mellom to stolar, men det novellefilmliknande manuset heng godt i hop og er realisert i ei velsigna kort og velredigert speletid, som held filmen oppe i balanse.
Heller enn å gå djupt ned i karakterane lèt Pedersen Lukas Moodyssons nyklassikar «Fucking Åmål» (1998) vera ein tydeleg og velfungerande klangbotn i handlinga. Den lette tonen passar også filmens seriøse bodskap om at alle må få definera sitt eige liv.