Refs rett frå skrumplevera
Underhaldande britisk satire om politisk populisme, kynisk etterretning og idioti i offentleg arbeidsliv.

Slow Horses
(USA/ Storbritannia, 2022-2024) Regi: James Hawes, Jeremy Lovering, Saul Metzstein, Adam Randall Manus: Will Smith m.fl. Satire-krim/ 4 sesongar, 24x45 min./ Apple TV+
Det er dyrt og tungvint å orientera seg blant strøymetenestene. Det som finst av originalt kvalitetsinnhald, kunne til saman ha fylt ei teneste, og alle tilbydarane kastar skitt og kanel om kvarandre i uetterrettelege kategoriar. Det er lett å bli «hekta» på ein serie med ein lovande premiss som aldri blir innfridd fordi ein i det lengste vil tru at ein har vald noko som var verd tidsbruken. Diverre er det naturleg nok lettare å vurdera ein serie når han er ferdig spela.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent