Optimismen var stor på valgnatta i 2021 etter at det ble et rødgrønt flertall med hele 100 mandater. Forventingene var store fordi det som samler de rødgrønne partiene er mye mer enn det som skiller dem. Det som fulgte i ukene og månedene etter, var en stor skuffelse for alle som ønsket seg en regjeringsmakt som avspeiler det store flertallet i Stortinget. Sjokket var et faktum da SV forlot sonderingene i Hurdal.
Svar til Halvorsen
Det er skilnad på naudrett og det å ikkje kunne verta straffa. Heldigvis er det lenge sidan kvinner kunne verta straffa for illegale abortar i Noreg. Marit Halvorsen (9. september) ser ut til å tru at norsk helsevesen og helsepersonell vil vera villige til å gi kvinner abort som naudrett ved incest og valdtekt innafor det lovforslaget som er fremja. Det kan eg aldri sjå for meg at vil skje av di lova spesifikt seier at det er berre ved akutt fare for kvinna sitt liv og helse og ikkje levedyktige foster ein har lov til å avbryte svangerskapet etter veke 22. Difor må framleis barn og kvinner som ikkje når helsevesenet før veke 22, måtte reise til andre land eller utføre farlege og illegale abortar på seg sjølve dersom dei ikkje ynskjer å gjennomleve torturen i å fullgå eit uynskt svangerskap. Det syns eg er eit uverdig og umenneskeleg helsetilbod. Land som Argentina, New Zealand og Australia, som nyleg har liberalisert abortlovene sine, har sørga for at dei kan yte den type hjelp og legale abortar også seint i svangerskapet.