Anna Kleiva og Vilde Tuv
Solplomme
Dikt og musikk
Forlaget Oktober 2024, 62 sider og 35.30 minutt
Utgjevinga «Solplomme» er eit samarbeid mellom poet og teknoartist, bestilt til Dei Nynorske Festspela i 2023. Anna Kleiva er poeten, og tekstane hennar tar utgangspunkt i jonsok, i førestillingane om korleis verda opnar seg mot det magiske og mystiske denne natta. Ho knyter det til ein konkret stad, der familien hennar kjem ifrå, oppe i fjella i nærleiken av Ørsta.