Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Biff stroganov

Eg hugsar frå då eg var halvvekstring, når det leid mot myrker og seinhaust, då var det ikkje mykje liv å sjå på stølslaget hjå oss. Kjeringane var flutte ned i bygdi med kryteri sine, og byfolket var reiste heim fyre skulone tok til. Det rauk einast or ei peispipe og var ljos frå ei parafinlampe i eit glas nokre dagar i ei stølsbu der dei dreiv med garnfiske nede i Sjøen, og so kunde eg slumpe til å sjå einkvan harajegeren med hunden sin. Det var alt, og brått ein morgon kunde snjøen vera der.