Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Fengselskvardagen må vika for drama i «Mina og røverne».

Krig og krim

Radiogründer: Mina Hadjian. Foto: Norsk filmdistribusjon

Mina og røverne

Regi og manus: Kari Anne Moe (Noreg, 2024) Dokumentar/ 1 t. 50 min./ Kino

I 2014, sju år etter at ho fekk sparken frå NRK P3, starta Mina Hadjian Røverradion. Fengselsradioen har i ti år styrka ytringsretten bak murane, tatt opp tema som bruk av isolat og sjølvmord på avdelingane og vorte eit rehabiliteringstilbod for kriminelle. Ironisk nok er utdrag av røvarsendingane no eit journalistisk høgdepunkt i P2-veka på NRK.