Skal vi unngå at skattepengar til tannhelse hamnar i Sveits, må det offentlege byggje opp tannhelsetenesta, meiner SV. – Ikkje problematisk, kontrar Framstegspartiet.
Fryktar Sveits: Gruppeleiar for SV i Vestland Marthe Hammer, fryktar at pengar som skulle gått til tannhelse, endar i skatteparadis i ei eventuell tannhelsereform, om vi ikkje byggjer opp det offentlege tilbodet no. Det er ikkje eit problem, kontrar Bård Hoksrud i Framstegspartiet. Foto: Martin Årseth
80 prosent av tannhelsetenesta i Noreg i dag, er drive av private. Likevel er ordet «tannhelse» berre å finne fem gongar i rapporten frå avkommersialiseringsutvalet.
Før helga gav utvalsleiar Jan-Erik Støstad rapporten til digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung (Ap). Utvalet har gått gjennom kva ein bør gjere om ein vil fase ut kommersielle og at det offentlege skal drive velferdstenestene på sju felt: barnevern, barnehagar, skular, asylmottak, arbeidsmarknadstiltak, spesialisthelsetenesta og eldreomsorg.
Tannhelse var ikkje i oppdraget deira.
Det meiner gruppeleiar for Vestland SV Marthe Hammer kan føre til at vi må ha eit nytt avkommersialiseringsutval for tannhelse om nokre år.
– Vi må lære av feila våre og ikkje gjere dei same feila på nytt, seier ho.
Vil stoppe samlinga
No er det slik at det offentlege, gjennom fylkeskommunane, i hovudsak gjev eit tilbod til dei som har krav på det gjennom lova, medan private står for tilbodet til alle andre.
I fjor undersøkte Bergens Tidende kjedene som driv med tannhelse. Avisa fann ei sterk sentralisering i kjeder av dei som driv tannhelseklinikkane.
Colosseumklinikken AS omsette for 1,6 milliardar kroner i fjor og Oris Dental for 1,7. Førstnemnde er eigd 100 prosent av eit selskap basert i Sveits, og det siste er eigd 60 prosent av eit selskap frå Luxembourg.
Begge har om lag 70 klinikkar i Noreg.
– Det som før var ein tannlege på eit kontor i eit enkeltpersonføretak, er no ofte knytt til dei store kjedene. Vi kan ikkje tenkje at dette er små verksemder der alt overskotet vert att i landet, når éin tredel er i store kjeder og dei har eigarar i skatteparadis, seier Hammer.
Tannhelsetilbodet der staten tek 75 prosent av rekninga, utvida til å gjelde opp til 26-åringar. Då ville fylkesdirektøren i Vestland leggje det rett ut på anbod.
– Det viser kor utruleg lett det er å leggje ei tannhelsereform rett på den etablerte marknaden. Det har skjedd ein revolusjon, eller meir ein eksplosjon, i konsolideringa av tannhelsekjedene, seier ho.
I haust kjem det eit tannhelsetutval som skal gjere ei heilskapleg gjennomgang av heile tannhelsetenesta.
– Slaget står i tannhelseutvalet og i fylkeskommunane. Vi i fylkeskommunane må vere medvitne. Eg meiner at kvar skattekrone til tannhelse, går til tannhelse, og då kjem ein ikkje unna å måtte styrke den offentlege tannhelsetenesta, seier Hammer.
«Ideologi er så viktig for enkelte at dei gløymer å løyse problemet.»
— Bård Hoksrud, helsepolitisk talsperson (Frp)
– Heilt greitt med private
Framstegspartiet deler ønsket om ei tannhelsereform, men vil ikkje gjere skilnad på offentlege og private tilbod.
Helsepolitisk talsperson Bård Hoksrud seier at det ikkje gjer noko for dei at utanlandske selskap dominerer marknaden.
– Folk skal få god og rimeleg tannhelsebehandling, og så lenge dei følgjer regelverket, er det ikkje problematisk. Det offentlege har kjempetrøbbel med å få tak i nok tannlegar, og det viser at ideologi er så viktig for enkelte at dei gløymer å løyse problemet, seier han.
– Det er kanskje vanskeleg å rekruttere til det offentlege om dei private betaler betre.
– Løn har jo noko å seie, men mange ønskjer å drive sjølvstendig. Det har eg ikkje noko imot. Det løyser ikkje noko om alt vert offentleg. Vi treng begge delar.
– Har de noko å seie for dykk om tannhelsekjedene er eigd av selskap i skatteparadis?
– Vi ønskjer at verksemder etablerer seg i Noreg og har norske eigarar, men regjeringa jagar norske eigarar til utlandet. At Senterpartiet og Arbeidarpartiet kan vere kjende med at norske eigarar flyttar ut og utanlandske eigarar kjem inn fordi dei slepper billegare unna … Det må vere fullt lov for utanlandske selskap å etablere seg, men det er bra om vi kan leggje til rette for at norske selskap investerer, seier Hoksrud.
Sommertrafikken i år har krevd 30 liv. I juli og august var ulykkestallet likevel lavere enn det har vært de siste somrene.
NTB
Juni var en måned der mange mistet livet i trafikken, forteller direktør for trafikksikkerhet Guro Ranes i Statens vegvesen.
– Siden da, i juli og august, har vi heldigvis hatt lavere ulykkestall enn vi har sett de siste somrene. Jeg vil takke trafikantene for å ha bidratt til dette, sier hun.
I august var det sju personer som omkom i trafikkulykker. Dette er halvparten av antallet som omkom i juni, og to færre enn i juli. Så langt i år har 67 personer mistet livet i trafikken – seks færre en på samme tid i fjor.
UTRYKNING: Sommeren er høysesong for trafikkulykker. Foto: Lars-Bendik Borgersen, NTB
Uoppmerksomhet er medvirkende årsak i én av tre dødsulykker. Statens vegvesen ønsker å få til en «nasjonal atferdsendring» og har satt i gang en såkalt kjøreutfordring, med mål om å gjøre norske sjåfører mer oppmerksomme.
De oppfordrer bilister til å velge seg én ting de skal slutte å gjøre mens de kjører. Det kan være å spise, sitte i egne tanker, bruke mobil eller å stille inn GPS-en.