I 1980 flytte eg og familien attende til mi oppvekstbygd. Me var i ei grøn bølgje, med tru på at me kunne leve gode liv og gjere samfunnsnytte i ei utkantbygd og at barna fekk god oppvekst ein slik stad. Me var klar over at me i småbygdene måtte drive leikestove med dugnad og lotteri, medan sentrumsbarn hadde barnehagar og kostnader dekte over skattesetelen, og at nye skular og symjehall og kommunale bygg og tomtefelt og industrivekstanlegg og aldersheimar ikkje kom til bygder som vår. Men posten kom kvar dag, rutebussar gjekk, bokbussen kom kvar månad, skulen var nær, og me tenkte at med stortingslovnaden om at bønder skulle tene like mykje som industriarbeidarar ville bygdene vekse. Samfunnet den tid hadde som mål at det med tida skulle bli, iallfall nesten, like bra å bu i utkantbygda som i byen eller tettstaden.
Du kan bla til neste sideBla med piltastene