Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Balansert, Søreide?

I avisa 14. august hevdar Ine Eriksen Søreide at regjeringa ikkje har vore balansert nok i omtalen av Israel og Palestina. Ikkje ein gong i intervjuet nemner Søreide det traumet det palestinske folket har vore og er utsett for kvar einaste dag sidan staten Israel vart oppretta og fordrivinga av 750.000 palestinarar var ein realitet. Heller ikkje eit ord om den fordrivinga som skjer på Vestbredden der palestinarar opplever dagleg trakassering, ran av hus og eigedom og drap. Alt akseptert av den israelske regjeringa. Ikkje ein gong det pågåande folkemordet på Gaza vert nemnd. 40.000 drepne palestinarar, 40 prosent av dei born, er kanskje ikkje verdt å snakka om?