Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Frå hamn til hamn

Kjeringi og eg, me hadde skrivi oss på ei ferd på Austersjøen med skipet Poesia. I bladet hadde me lese at det no hadde vorte mindre med ferdafolk den vegen for skuld eit mogeleg russisk våpentrugsmål. Men båten vår vart full nok lell. Me var snaudt 3000 frå ulike ferdalag og land, og attåt var det vel 1000 tenestefolk som sytte for mat og reinhald med hyggjelege yrkessmil.