Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Macbeth møter korsvegen

«Kva no, Hekate du ser sinna ut.» Scene fem i «Macbeth» av William Shakespeare startar med at dei tre heksene blir hudfletta av Hekate – den greske gudinna for korsvegar og heksekunst. Shakespeare hadde tydeleg dilla på Hekate og gir henne plass i fleire av stykka han skreiv. Framstillingar av Hekate varierer. Nokon gongar ha ho tre ansikt, andre gangar tre hovud eller er heile kroppen delt i tre. Grekarane viste Hekate ofte med nøkkel i handa, noko som symboliserte korleis ho er guddom over å opne barrierar. Den virkelege kong Macbeth av Skottland krossa sjølv ein barriere 15. august 1057, da han vart drepen i kamp. MLN