Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Dei symboltunge kvinnehistoriene hos Tormod Haugland fengjer ikkje, men i detaljane glimtar det av gull.

Kunsten å spora av

Vekk: Ei forsvunne ku byr på utfordringar i "Sirenene". Gravering av Bernard Essers frå 1930. Foto: Rijksmuseum Amsterdam, Wikimedia Commons
Roman

Tormod ­Haugland

Sirenene

Roman

Forlaget Oktober 2024, 256 sider

Sirenene» av Tormod Haugland vart ei forvirrande lesaroppleving for meg. Handlinga er både kvardagsleg og usannsynleg, full av gjentakingar, men samtidig kaotisk. Er det realisme eller symbolisme, sjølvbiografi eller fri fantasi? Eg har kome til at svaret må vere: Ja, alt det der. Å vere dratt mellom motstridande krav og impulsar er det sentrale temaet, og det doble blikket på verda som det gir, pregar heile komposisjonen. Forvirringa er del av i estetikken.