Didier Blonde
Oslo, de mémoire
Roman
Éditions Gallimard 2024, 152 sider
Som innflyttar til hovudstaden har eg ein kjernesunn grunnskepsis til motstandslaus Oslo-romantikk, som det så lett flyt over av – særleg på film og tv og i bøkene til første-, andre- og stundom tredjebokforfattarar. Bøker som skamlaust idylliserer eller berre tek for naturgitt kjennskapen og kjærleiken til ymse vegstubbar og grøntareal i Oslo sentrum, har eg fått dosen min og vel så det av. Likevel drog nysgjerrigheita mi meg av uvisse grunnar mot ein roman som kom ut i Frankrike denne våren, Didier Blondes «Oslo, de mémoire» («Oslo, etter minnet»). Kanskje har eg utvikla lokalhistoriske interesser, eller så hadde eg berre ein mistanke om at Oslo-romantikk er lettare å takle når den kjem utanfrå.