Debatten går om unge under 18 år som begår gjentatt kriminalitet. Høyre foreslår bruk av fotlenke, flere institusjonsplasser og en-til-en oppfølging. Unge Høyre foreslår å ta fra foreldrene barnetrygden. Klassekampens Bjørgulv Braanen sier 7. august at barna må kunne låses inne. En del av disse forslagene viser liten innsikt i den faktiske virkeligheten.
Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Ikkje ein lyd
DebattGaza
Denne hausten er det ingen skuleklokker som ringer inn på Gaza. Ingen skulegard er full av leik og latter, knuffing og tulling. Skulane er tomme for born, tomme for liv, utbomba. Alt er vekk. Dei var fulle av terroristar, sa dei, og skaut ut tavler og svampar og bøker som framtida vår skulle lese. Gøymestad, sa dei, og sette fyr på klasserommet. Sjølvforsvar, sa dei, og gjorde born sin arbeidsstad til den farlegaste staden å vere. Humanitær rett, humanisme. Alt er vekk. Her heime traskar snart skuleborn på skuleveg og dei skal leike og le, men lat dei, som er framtida vår, også lære om uretten som går føre seg langt der vekke, for dei fortener å vite korleis vi behandlar denne verda som dei ein dag skal arve.