Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Ein av dei lengste og mest omfattande arbeids­konfliktane i norsk historie har endeleg fått sitt spel.

Den lange streiken

MED HAKKE OG SLEGGE: Stolte og syngande gruvearbeidarar. I midten i bakgrunnen, Einar Kvennom (Christoffer Masters), nestleiaren i foreininga. FOTO: KRISTOFFER HYLLAND SKOGHEIM

STREIK!

Spel i Folldal, Plana ved Folldal Gruver Idé, manus og musikk: Ragnhild Moan og Synnøve Brøndbo Plassen Regi og manus: Sandra Bringsjord Pape Scenografi: Siri Lien Kostyme: Helle Lie Jakobsen Orkester: Ester Thunander, Erlend Tredal, Astrid Garmo og Vegard Staum Med: Erlend Rødal Vikhagen, Christoffer Masters, Signe Krohn Gjessing, Mats Gukild, Håvard Moe og 35 lokale statistar  

Folldal er ein liten fjellkommune ved Rondane og Dovrefjell. Bygda ligg høgt, og vekstvilkåra er karrige. Men i 1748 starta det opp med gruvedrift som under ulike eigarar heldt fram til 1993.