For litt sidan landa igjen ein statsråd i skandale: «Han kysset en av hans egne ekspedisjonssjefer». Ja, det er skandale at journalistar skriv så dårleg. Kyssa statsråden ein ekspedisjonssjef frå eit anna departement? Forresten meiner eg, ærleg, det bør vera «innafor» at to likestillingsmenneske kan gjera dette ein sein kveldstime, før dei går kvar til sitt. Overvaking av heidersfolk er derimot ikkje bra. Det skandaløse er den journalistiske vankunna. Ein skal vita at norsk og svensk i den slags setningar er meir presise enn verdsspråket engelsk. På engelsk er det tekst-samanhengen som bestemmer meininga i «he loved his wife». For dei som kan norsk og svensk, er skilnaden mellom «han elska kona si» og «han elska kona hans» klar som vatn. Sjekkar avisene kompetansen til sine (ikkje deira) desk-tilsette? «Charles de Gaulle og hans sønn hilser forbipasserende under deres besøk i Tyskland i 1961» stod det i Klassekampen. Her luktar det automatisk overføring av «their visit in Germany».