Kinds of Kindness
(USA, 2024)
Regi: Giorgos Lanthimos
Manus: Efthimis Filippou og Giorgios Lanthimos
Svart komedie. 2t. 45min. Kino
Hollywoods favoritt-grekar Giorgos Lanthimos ser ut til å ville minna både Tinseltown og seg sjølv om si rebelske fortid i filmens greek weird wave. Med suksessane «The Favourite» (2018) og «Poor Things» (2023) har regissøren gjeve den mest industrielle filmbransjen tru på at kunst på lerretet kan løna seg. No «takkar» Lanthimos for tilliten med «Kinds of Kindness», ein obskønt ukommersiell gest til dei som meiner at kunst må legitimerast i banken og på børsen, og omvendt at alt ein betalar store summar for, er «kunst» (eit motiv i filmen).