Yan Lianke
Dagen da solen døde
Roman
Omsett av Eilif Nordheim
Cappelen Damm 2024, 302 sider
I norsk samtidslitteratur er allegorien ein sjeldan fugl (sagt med ein metafor!). Korleis det står til med allegorisjangeren på verdsbasis tør eg ikkje meine noko bastant om, men det er noko både tidlaust og ambisiøst i ei slik form. «Dagen da solen døde» av kinesiske Yan Lianke er ein roman ein kan lese allegorisk, det vil seie at heile forteljinga fungerer som eit bilete med ein bodskap. Lianke sjølv kallar stilen «åndeleg realisme». Når han ifølgje forlaget har blitt ein av Kinas mest omstridde og sensurerte forfattarar, er det nok fordi ein slik poetisk utvida realisme kan romme samfunnskritiske impulsar.