Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Finn deg ein venn som les deg slik Marilynne Robinson les Bibelen.

Nådegåve

Stor: Amerikansk litteraturs grand old lady, Marilynne Robinson (f.1943), skriv klokt og originalt om Første Mosebok. Foto: Thomas Laisné/Getty Images

Den amerikanske forfattaren Marilynne Robinson har ofte uttrykt frustrasjon over at folk omtalar guden i Det gamle testamentet som hemngjerrig og blodtørstig – og som ein annan Gud enn den ein møter i Det nye testamentet. Ein kan lese den nye boka hennar som eit forsvarsskrift for denne guden – ikkje i form av polemisk nedkjemping av påstandar om Guds karakter, men i form av ei kyndig nærlesing av den første boka i bøkenes bok.