Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Klima

Har blitt 5000 færre

Natur og Ungdom har mista nesten 5000 medlemmar sidan 2019. Leiar Gytis Blaževičius trur ikkje dalande interesse for naturvern og klima er årsaka til nedgangen.

SER TILBAKE: Natur og Ungdom er nesten halvert sidan toppåret i 2019. Leiar Gytis Blaževičius trur ikkje det er éi enkelt årsak, men peikar særleg på pandemien. Foto: Tom Henning Bratlie

Medlemstalet til Natur og Ungdom (NU) er nesten halvert på fem år. Leiar i NU Gytis Blaževičius går langt i å gje koronapandemien skulda for den veldige nedgangen.

I 2019 tok nesten 60.000 nordmenn til gatene og brølte for klimahandling frå politikarane. Klimabrølet var den største klima- og miljømarkeringa i Noreg nokon gong, og «klimabrøl» vart årets nyord.

Sentralt i aksjonen stod NU. Medgangen var òg synleg i medlemsboka: Organisasjonen stanga mot 9500 medlemmar.

Nesten fem år seinare er verdssituasjonen ein ganske annan. Medlemsveksten til NU har snudd – så langt i 2024 er dei nede på 4570 medlemmar.

– Er verkeleg Greta Thunberg-generasjonen død, som leiar Ola Svenneby i Unge Høgre sa etter skulevalet?

Nei, me er her enno. Det er den generasjonen som styrer NU no, seier Blaževičius.

Dei har berre ikkje fått like mange med seg.

Trur på stabilisering

2019 var òg eit unntaksår for NU, men med positivt forteikn. Likevel var ungdomsorganisasjonen i vekst i åra før. Heilt sidan 2014 syner medlemstala at dei var over 7000 medlemmar.

Tala for 2024 er heller ikkje fullstendige. Blaževičius seier at dei i januar kvart år mistar omtrent 800 medlemmar som fyller 26 år, og med det er for gamle til å vere med i NU. Leiaren trur dei vil koma seg opp på same nivå som 2023 før året er omme.

– Eg trur talet vil stabilisera seg i åra framover. I 2000 var me og på 4000 medlemmar, så me ser at engasjementet går i bølgjer.

– Likevel kan det ta nokre år før me byrjar å klatra igjen, held han fram.

Ikkje åleine

Klassekampen har samla inn tal frå fleire ungdomsorganisasjonar. Trenden er den same blant dei som har svart så langt: Det går nedover.

Tal frå Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU) viser at nesten hundre medlemsorganisasjonar til saman har mista 600 lokallag etter pandemien.

– Det var fleire år der me ikkje fekk verva som me pleier, seier Blaževičius om situasjonen for NU.

– Dei me ikkje greidde å verva då, er no blitt så gamle at me ikkje er like aktuelle for dei, seier han.

Personaktivismens tid

Utviklinga har blitt ein vond spiral for organisasjonen.

– Mange som var engasjerte, gav opp under pandemien, og då vart det ikkje verva folk i deira lokalmiljø. Då forsvinn lokallaga, og terskelen for å starta eit nytt lokallag blir veldig høg, seier han.

Han peikar òg på ei anna forklaring:

«Greta Thunberg-generasjonen er her enno.»

Gytis Blaževičius, leiar i Natur og Ungdom

– Karakterpresset er større no, samanlikna med før pandemien.

– «Generasjon prestasjon» var vel aktuelt i 2019 også?

Eg opplever at det var annleis då. Dagens unge brukar meir tid på skulen enn min generasjon gjorde.

Ifølgje Opinion si Ung-undersøking for 2023 var klima og miljø den enkeltsaka som fell mest i engasjement blant unge mellom 15 og 25 år.

Likevel trur ikkje Blaževičius at mindre engasjement er hovudårsaka.

– Men det er mykje anna som brenn og tek fokus no, og mange har sett seg leie av politikarar som ikkje gjer nok. Færre blir med i organisasjonar no enn før pandemien. Det er personaktivismen si tid no.

Vil finna nye kanalar

Blaževičius blir konfrontert med om det ikkje er noko NU kan gjera sjølv for å snu trenden.

– Me må berre stå på og verva meir enn me har gjort. På skulane ser me at pensum tar større og større fokus, då må me finna nye kanalar utan for skulane.

– Du tok over leiarvervet i år. Korleis er det å ta over som leiar med låge medlemstal?

– At me er få, er ikkje mi største uro. Me har mange dyktige i organisasjonen. Eg må innrømma at det er vanskeleg å kjenna att skulen eg gjekk på og den som er der i dag.

Son nemnd trur han det vil ta tid før pilene peikar riktig veg for NU.

– Kanskje vil me oppleva at ting snur når alle ungane som har gått på ungdomsskulen og vidaregåande under pandemien, er ferdige, seier han.