Anne Lise Frøkedal vil vekk frå popmentaliteten.FolkeferdIntervjuFrida Fliflet (tekst) og Christopher Olssøn (foto)14. juniJo, du må: Anne Lise Frøkedal kallar seg Noregs skralaste felespelar. Men når fela heng der og lyser på stoveveggen, og attpåtil er grunnstein i den nye plata, må musikaren pent finna seg i å posera med ho for fotografen.I folkemusikken er musikk noko ein gjer i lag: ein sit på fest og speler saman, og det er låg terskel for å slenga seg med. Det er veldig langt frå der eg eigentleg kjem frå, seier Anne Lise Frøkedal.